søndag 15. februar 2009

Granmeis Parus montanus



14.02.09
I matfatet på hytta. I dag var det mange svartmeiser. Det er 4 veker siden sist og godt 20kg meisebolle er vekke.
Heldigvis var det att mat, men hengde opp nye 20kg

lørdag 7. februar 2009

Ukjent

Kan det vera ein jernspurv?


Denne har vore i hagen ei stund. Den er større enn gråspurv og pilfink som den er i lag med.

torsdag 5. februar 2009

Vogge med treskur

15.09.09
Det vart litt hektisk tid på våren. Så det vart lite tid til skjering. Fin ver var det og lysten til å vera ute var større enn å stå inne og skjera. 21 juni reiste me til Island. Men dagen etter me kom heim rundt 6 juli var den ferdig og vart levert til Sjur for samansetting.
Dessverre skulle han og på ferie, men vogga vart ferdig ei veka ut i august. Få dager etter "Knotten" vart født. Treverket er sett inn med olja Chesnut finishing oil. Noko som førte til at bjørka mørkna litt. Det gjer ingen ting tykjer eg.








'



















07.04.09
Det er straks påske og veret ser laglig ut for dette arbeidet. Veret har vore bra nokon dager og tida er nytta i hagen. Med mykje arbeid har eg med jernriva gravd opp nok mose til å fylla 6 hjulbårer. Så plenen likner meir på ein nypløyd åker, men det er von i hangane snøre. 2 til 3 grøne grasstrå er att.

Nå er eg kome så langt at det står att ei sida. Slo ned streken i treet og skal høvle vekk papiret. På Varatun har me tatt påskeferie og skal ikkje møtes før 20 april.
21.03.09
Fått fleire deler til vogga. Delene er ferdig saga med pålimt mønster på begge sider. Dei to store delene er til enden på vogga. Begge sidene skal skjerast, så dette vil ta tid.
Dei fire andre delene skal stå på langsida i hjørnene.






13.03.09
Nå er eg ferdig med 3 av 4 deler til sidene. Kjem til å starta på siste del i morgon om veret er rett. Det vil sei om det ikkje er strålande sol. Då kan det verta vanskelig å stå inne og sjå sola.

I dag bestilte eg fleire deler. Dei skal eg få til veka. Kan ikkje gå lens for arbeid.








Ein liten illustrasjon på knoppen i blomen.



08.03.09
Har i helga vore på hytta. Det var ikkje særlig godt ver så eg nytta tida til treskjering. 3 av 4 sidefelt er nå ferdige. Dei mangler berre nerver på bladene.


Under ei fotomontasje i 5 bileter over utskjering av ein blom.


5. Så skjer eg motsatt vei og skjer andre sida av kronbladet.
På denne måten vil det stå att ein rygg midt i kronbladet.

Til slutt tar eg ein liten skulp og legg inn ytterkanten på alle kronbladene.
Nå gjenstår det og setja inn skulpstreker som skal ilustrera støvberara. Knoppen skal få ein annan utforming enn den som er vist tidlegare.


4. Svinger skulpen mot knoppen, men holder siden til kronbladet. Ikkje midt i bladet.











3. Nå skal me gje kronbladene form. Nytter her skulp nr 17 som er 11mm brei. Starter i toppen på bladet med skulpen på tvers.






2. Nå skjerer eg på tvers av trefiberene. Former rundingen til ei 1/2 kule.
Dette gjer eg før kronbladene vert forma. Det er stor risiko at skulpen hakker opp treet til kronbladen, men treet i kronbladene fjerner me etterpå kula er ferdig.



1. Det er gropa ut rundt knoppen slik at berre rundingen står att. Treet er senka ned 9 til 10mm. Nå nytter eg ein skulp med god kurve og skjer i treet sin lengderetning.






28.02.09
Er nå delvis ferdig med grovskjering av 2 sidefelt. Ein del modelering av høgder står att. Det er slike greiner som går over eller under andre greiner. Eg har ikkje nevnt tidlegare at matrialen som vogga vert laga av er bjørk.


Det er mandag kveld og møtestad er på Varatun. Her har me verkstad med mykje utstyr som kan nyttes. Men i hovudsak er det treskjering. Nokon med arkantus mønster og andre med karveskurd.















21.02.09 Etter fire dager i horisontal stilling er eg til bake.

Nå er nervene (geifusstrekene heretter kalla v-jern) sett på. Her er kunsten og få fin sving og dobbelt nerva faller naturleg saman, ikkje for fort og ikkje forseint.

Den mindre blomen er gjort enklare i utforming av knoppen. Her har eg berre brukt v-jern. Starta fyrst på tvers av veen og deretter med veen. Det vert då mindere flising.






Har nå forma blomen. Har brukt skulpen på kronbladene. Der har eg starta midt i bladet på det høgste punket. Så ein skjering på kvar side med ein liten bue. Kvart kronblad er markert. I sentrum er knoppen delt i 4. Der har eg brukt ein skulp som er passe stor til formålet. Sette den på skrå slik at det vart ein firkant på topp med litt skrå vegger. Firkanten er forsiktig gropa ut og markert med 4 punkter.
Sidene er forsiktig gropa ut om markert som kronbladen.






15.02.09
Ein spesial benk for skjering er laga. benken virker slik at emne kan snus 360 grader.
Endestykke nr 2 er nå under skjering. Det forrige er ikkje ferdig. Det står att litt arbeid med skulp og "geifus" streker. Det er nerver i bladene.










På hytta har eg teke ibruk ei av boden til verstad. Der er det dør inn til stove og dermed varme inn. Slik er det kort vei inn for å ta seg ein kopp kaffe og kvila beina litt.

08.02.09
Har forma bladene og blomane. Merk det står litt att på kronbladene. Har senka ned treet rundt. Det er for å få meir liv i blomen. Kjem tilbake til det seinare når eg setter blomsterstanden.
Inne i kromning på bladene er det brukt skulp nr 17 på store og 18 på små blader.
I ytterkant er det nytta skulp nr 21 og så er flaten gjamna ut. Det står att ein kant ytterst. Kjem til bake til det.


07.02.09
Har forma dei fleste figurane og teikna inn streker for skulp. Det er kromma jern merka nr 17 som eg alltid nytter til det.

Tenkte http://www.verktøy/ hadde klemverktøyet, men ikkje finna det i lista.
Var hos Clas Olson og fekk det siste klemvertøyet til å feste arbeidstykket. Det som eg har er sjølvsagt på hytta.

Trur eg starter med blomane i morgon.








Slutt på dag 1. 05.02.09 Alle kanter rundt er reinskåre. Likeså alle streker er slått ned i treet på del 1.Nå er treskjeringsjerna teke i bruk

Eg nytta overfres med tynt fresjern . Så er tre rundt mønster fjerna inn i mellom mønster er tre frest vekk. Dybde på fres er 9mm ned for å få godt liv i mønster. Dette er gjort på alle 6 delene.






04.02.09


Skal nå laga ei vogge med treskur. Har vore hos Sjur og fått deler. 2 til kvar side og ein del til begge ender. Fleire deler kjem seinare. Eg vil forsøka og visa framgangsmåten og dokumentera framdrift. Vogga bør vera klar på ettersumaren, dersom så ikkje skjer kan det verta problemer

søndag 1. februar 2009

Rødstrupe Erithacus rubecula





Denne har hold til i hagen heile vinteren. Men holder seg for seg sjølv.

















Bloggarkiv